Nordøyhallprosjekt undervegs
HaNo FK har teke initiativet for eit felles løft for eit endå meir aktivt samfunn her ute. Målet er å få bygd ein fleirbrukshall på 45*60 meter som kan vere til glede for både liten og stor.
I romjula gjekk startskotet for prosjektet. Per Olav Vedeld og Geir Olav Otterlei hadde info-stand på COOP Haramsøy og COOP Longva. Her kunne folk få vite meir om prosjektet, samt dei kunne kjøpe andelsbevis i hallen. Og repsonsen var god. Prosjektet fekk mykje positiv omtale, og det vart selt over 120 andelsbrev på desse få timane. Det er ein god start.
Dette skal vi klare!

Det vart også laga ei brosjyre som låg i postkassene rundt omkring. Her kan du lese litt meir om tankane omkring fleirbrukshallen.

Sjå brosjyra her

Sjå andelsbeviset her her

03/01-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH