Drøymer om hall
I høve treningsleiren HaNo var på i helga, nytta Old Boys-spelar og medlem i Nordøyhall-nemnda, Per Olav Vedeld, høvet til å prate med nokon som allereie har fått opp ein slik hall. Harøyingane diskuterte velvillig.

IP-Huse hallen har no vore i bruk i om lag eit halvt år, og aktiviteten er stor. Alle lag frå mini 7 og oppover er i full gang frå tidlige vinteren. Motivasjonen er stor både for spelarar og trenarar. Det er ikkje rart vi drøymer om det same. Etter at 35 spelarar var og testa hallen frå HaNo i helga, er ikkje motivasjonen for å arbeide vidare med Nordøyhallen noko mindre.

Stor inspirasjon
Per Olav Vedeld i prosjektgruppa for Hallen blei inspirert. Sveitten stod i panna til Old boys-spelaren, men Per Olav rakk fint å prate med Bjørn Skauge og Sigfrid Harnes mellom slaga på bana laurdag.
- Vi fekk oppretta kontakt med eldsjelene på Harøya som bygde hallen her. Får ein nærmare dialog med dei, og eg fekk absolutt lære mykje. Eit skikkeleg positivt møte. Alle opplysningar gjorde dei tilgjengeleg for oss. Eg kunne drøfte med dei kva fallgruver vi kan unngå, og ikkje minst fekk eg sjå med eigne auge korleis ulike ting er.

Like val
IP Huse-hallen har Sandøy kommune som byggherre, men ein passa likevel på at ein ikkje valde det ringaste av kvart element i hallen. Bjørn Skauge peika mellom anna på grastypen som ikkje er av billegaste sorten, men som er av svært god kvalitet.
- Faktisk har vi gjort ganske mange like val av leverandørar på mange område. Så slik sett har vi nok gjort noko rett, fortel Per Olav.

300 andelsbrev
Prosjektgruppa for Nordøyhallen har som tidlegare skrive på hanofk.no, nemleg kome langt i prosessen. Plasseringa er bestemt; fleirbrukshallen blir å finne ved sida av grusbana på Austnes. HaNo har over ein million i eigenkapital, og prosessen med å selje andelsbrev til privatpersonar har gitt langt over det som var budsjettert i kassa allereie, trass i at dei ikkje har vore på alle dører enno. 300 andelsbrev er selt, og det gir åleine 300 000 i kassa før hallen er bygd.
– Det seier litt om interessa, meiner Per Olav, som håper alle som var på Harøya fortel sine rundt seg om kor positivt dette faktisk er. - Håper og trur at alle som var der ser vitsen med å til dømes kjøpe ein andel i hallen vår.

Kommunen på bana i 2010
Det er i 2010 ein håper på å få kommunen på lag. - Alle veit at økonomien er skral i kommunen no. Men neste år må vi minne Haram kommune på kor fornuftig dette prosjektet er, seier Per Olav. Tippemidlane og den køa går sin gang. Her er det 1 million kroner å hente. Dei gir ikkje midlar til plasthall, men lys, oppheng, grunnarbeid og grasmatte. Besøket på Harøya og kjensla av å spele under tak på ei kjempefin matte, med snø og is utandørs, gav i alle fall underteikna meirsmak.

03/03-09
Av: Odd Einar Molnes






Leiar i Harøy IL, Sigfrid Harnes, og Bjørn Skauge var svært gjestfrie, og diskuterte dei fleste sider ved hallbygging med HaNo sin Per Olav Vedeld.



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH