Nordøyhallen – status
Vi reknar med at det mange som lurer på korleis det går med Nordøyhallen. Så her kjem ein liten statusrapport.


Vi er ei gruppe på 6 personar som har jobba jamnt og trutt i heile haust med dette prosjektet. Vi føler at vi har fått gjort ein viktig og grundig jobb med å sjekke opp ulike alternativ både når det gjeld halltype, plassering, finansiering osb. Vi har henta inn tilbud på ulike halltyper, på klatrevegg, sportsgolv, sanitæranlegg, grunnarbeid, fundamentering osb. Neste veke skal 3 frå hallnemda til Hønefoss og Oslo for å sjå på hall og kunstgras. Alt er sponsa av hall-leverandøren. Etter dette vert den endelege avgjersla om halltype tatt.

At Haram kommune gjekk inn på ein 10-årig leigeavtale, gjorde at det er mogeleg å få finansiert hallen. Vi jobbar no med å finne beste løysinga for å få refundert mva, samt at vi jobbar med å få på plass ein søknad om spelemidlar. Vi søkjer også anna finansiering for å få fleirbrukshallen på plass.

Det er mykje papirarbeid som skal til før spada kan stikkast i jorda. Men vi er i fint sig framover, og rett over nyttår satsar vi på å få plass detaljane. Då skal vi også informere om dette. Inn til vidare vil vi berre melde om at sveitten renn i hallnemda, og vi jobbar med det mål for auget at vi skal få starte grunnarbeidet kring påsketider 2010, og at hallen står klar til bruk hausten 2010.

Helsing
Per Olav
Ivar
Per Arne
Andreas
Geir Olav
Kenneth

10/12-09
Av: Kenneth Ulla






Nordøyhallen sin logo



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH