Ny halldugnad
I fint vårver laurdag, var det klart for ny Nordøyhalldugnad. Det var fleire tre mellom gras og grusbana som skulle vekk.
4 motorsager og 8 mann ga seg i kast med å felle fleire av dei store grantrea mellom banene, samt nokre store grantre i hjørnet ved grasbana.
Etter ei 3 - timarsøkt var ein god del gjort. Ein dugnad til så er nok alle desse trea vekke. Vi har også planar om å rydde ein del kratt ovanfor vegen som går bort til grusbana. Men allereie no er det klart for å utvide/forbetre vegen frå ungdomsskulen og opp. Det må til skal vi få 25 betongbilar og ein del bilar med element til hallen.

Det ligg kanskje an til ein dugnad på onsdag dersom veret er brukbart. Det kjem meir info om dette etter kvart. Det er kjekt når vi er såpass mange som idag. Det er nemleg mykje greiner og stubbar som skal flyttast på:)

I tillegg til dugnadsgjengen, var det mange andre som ville bidra med sitt på dugnaden. Både ungar og 4 stk mammaer med barnevogn var med. Det er alltid kjekkast å jobbe når ein er fleire. Og alle fekk sjølvsagt vere med på matpausa. Då var det kaffi, brus, kjeks, sjokoladekake, bollar med meir som vart servert på hengaren til Per Arne.

Her er nokre bilder frå dagen!

27/03-10
Av: Kenneth Ulla









Dugnad er faktisk kjekt og sosialt. Då er det viktig med mat!























Her er gjengen som møtte opp på dugnad laurdag. Bra jobba!






5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH