Forskaling og armering
Det er stadig framgang i arbeidet med Nordøyhallen. Måndag var 15 stykker på plass, og dei fekk gjort ein heil del dei 2,5 timane dugnaden varte.
Begge langsidene er no ferdig forskala. Og ein del av armeringa er på plass. Dugnadsånda har vore god så langt, og det håper vi vil fortsette!

Tysdag satsar vi på å jobbe skift med å binde armering. Vi har investert i ei jernbindertang, og den fungerer godt. No jobbar vi med det mål for auget at vi kan få støypt solen på langsidene denne veka. Då har vi 3 veker på oss til å få forskala og armert ringmuren rundt heile hallen.
Det vert spennande å sjå kor langt vi kjem med bindinga i morgon.

Det vert ei ny økt i tysdag kl 17.30 - 20.00. Har du lyst er det berre å stikke innom. Denne økta vil nok gå med til å få på plass resten av armeringa.


19/07-10
Av: Kenneth Ulla






Her er arbeidet med å binde saman armeringa i gang


Langsida opp mot fjellet er ferdig forskala, og er no klar for armering



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH