Nordøyhallen: Status onsdag kveld
No i kveld vart såleforskalinga på nedsida ferdig armert. I morgon kl 08.20 kjem dei to første betongbilane. Fredag er det behov for meir folk på dugnad, så finn fram arbeidslysta!
Ca 150 dugnadstimar er så langt lagt ned i forskalingsarbeid og armeringsarbeid. Vi har enno mange timar framfor oss, men tanken på at hallen står klar om 2-3 månader er god motivasjon:)

No er vi klare til å støype sålen på nedstesida, og vi er igang med armeringa på øvstesida.

Fredag skal det rivast forskaling, og det skal armerast meir på øvstesida. Då vert det dugnad kl 17.30 - 20.00. Møt fram!

Dei neste vekene skal det forskalast ringmur rundt heile hallen. Vi reknar med å vere ferdig med alt støypearbeid i løpet av 3-4 veker.

21/07-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH