Andre del av ringmuren er støypt
Torsdag kom 6 betongbilar over med ferja. Andre del av ringmuren på Nordøyhallen skulle støypast. I løpet av ettermiddagen var ca 80 meter ringmur ferdig støypt. Vi ser enden folkens!
No står det att ca 1/3 av ringmuren. Halvparten av dette er ferdig armert, slik at vi no for alvor ser enden på fundamenteringsarbeidet. Ca 530 dugnadstimar er lagt ned på dette arbeidet til no, og vi må nok plusse på 100-150 timar til før vi er i mål. Men då er det også klart for å sette opp hallen!

Fredag kl 17.30 - 20.00 treng vi mykje folk. Då skal det rivast forskaling, ryddast og flyttast på ting. Sist var vi 18 stk, og vi treng minst det same no!
Håper folket kjem ein tur. Du treng ikkje ha anna en god arbeidslyst:)
Ta med hammer/kubein merka med namn, og hanskar.

Her er nokre bilder frå støypinga i dag:

26/08-10
Av: Kenneth Ulla


































5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH