9 mann på dagens økt
|
Idag har det skjedd mykje på Nordøyhallfronten. Ny stålbogar er oppe, det vart jobba med lys, fleire lekter er spikra og første del av bordkledninga er på plass.
|
Odd Einar, Arne, Per Arne, Rolf, Ivar, Per Jarle, Inge, Michael og Kenneth utgjorde dagens 9-mannstropp.
Tidlegare på dag hadde O B Wiik - karane fått krana på plass 6 nye stålbogar, slik at no er det berre 6 til som manglar før alt er oppe.
I kveld vart det lagt meir lekter på vegg, det vart starta med bordkledning på endeveggen oppover, og det vart jobba meir med lysa i hallen. Her er nokre bilder frå i kveld:
|