Med store steg mot hall!
13 mann på dugnad på laurdag, og det nærmar seg med store steg at Nordøyhallen kan takast i bruk. Det er framleis mykje arbeid att før alt er ferdig, men er vi heldige kan hallen takast i bruk om 3 veker.
Per Olav, Arne, John Andre, Inge, Per Jarle, Geir Olav, Arvid, Bjarne, Joakim, Tor Gunnar, Sindre, Odd Einar og Svein Johan bidro med sitt på laurdagens dugnad.

Taket på tilbygget er no ferdig. Til og med takrenna er på plass. Det vart lagt trekkerør på tvers av hallen, og det vart rydda ut slik at finplaneringa kan ta til på måndag.

30/01-11
Av: Kenneth Ulla






Det vart lagt trekkerør på tvers av hallen


Arne legg siste Decraen på taket


Desse karane gler seg til hallen er ferdig


Sindre, Odd Einar og John Andre





Joakim og Tor Gunnar rydda ut av hallen





Inge jobbar med det elektriske


Siste del av tela vert jaga ut gjennom porten


Linda kom med pizza, noko som Arvid, Inge, Per Jarle og Geir Olav sette pris på



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH