For ein gjeng!!!
I går morgon viste det seg at vi måtte gå over heile bana ein ekstra gong for å sikre oss at underlaget i hallen er heilt plant. Og nok ein gong viste vi at dugnadsånda, ja den lever i beste velgåande.
Første gjengen var på plass kl 10.00 for å starte jobben med å drage rettholtar over heile bana. Småkular vart fjerna og smågroper tetta. Siste mann slokte lyset ca kl 23.00. Då hadde 16 mann lagt igjen over 80 timar med hardt arbeid i løpet av dagen! Imponerande! Slikt blir ein stolt av å vere med på!

I skrivande stund (tysdag kl 09.00) er 3 remser med kunstgras lagt ut. Vi kjem med fortløpande oppdateringar utover dagen!

08/02-11
Av: Kenneth Ulla






Dei første 4 (Terje, Kjell, Arne og Jon Ole) var på plass ca kl 10.00 i går


3000 m2 er ganske mykje når alt kjem til alt....


Odd Einar og Andreas fekk mykje god trim:) Geir tek seg av riva


Geir Olav, Per OLav, Kjell, Svein Johan, Jostein; Terje, Kenneth, Andreas og Geir


Jostein skulle berre på inspeksjon, men enda opp med ein 3-timarsdugnad i tøfler!


Her nærmar klokka seg 22, og det meste er gjort


Per Olav tek seg av finsiktinga


Klar ferdig......


La gå!!!!



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH