Kjempegreier!
Vi i hallnemnda frykta kanskje at det var vanskeleg å få dugnadshjelp, men der tok vi feil! 21 stk på dugnad i dag, og vi fekk gjort mykje!
Store delar av uteområdet vart rydd. Inne i hallen vart det fullskrua plater, sett inn dører og finpussa på det elektriske. Her er nokre få bilder:

07/05-11
Av: Kenneth Ulla






Då er det slutt på byggestraumen. Per Jarle dreg ut kontakten for siste gong, og vi er på nett!


Då kunne vi teste full belysning!


Cecilie O skrudde plater


Og Cecilie K gjorde det same


Lise og Trude jobba mellom anna med nota i hallen


Ute vart det rydde vekk rusk






5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH