Takk for ein strålande dag!
Opninga av Nordøyhallen laurdag overgjekk sjølv det vi i hallnemda hadde drøymt om. Vi er svært takksame for at folk møtte opp i hopetal, og for alle dei positive tilbakemeldingane vi har fått.
Etter eit uttal med dugnadstimar, var alt klart for opninga av Nordøyhallen laurdag. Det er ein litt ut-av-deg-sjæl-opplevelse å gå inn i hallen. Tenk at vi har fått til dette? At vi gjennom å jobbe ilag, har fått opp ein slik flott hall, ja det skal vi vere stolte av her ute på øyane. Og det var nok mange som var stolte etter kvart som festen skreid fram. Kjekt med slike fellesopplevingar. Det treng vi, og det lever vi lenge på. Og ikkje minst gir det motivasjon til å stå på for å fullføre det vi har starta på.

230 kormedlemmar starta showet i lag med eit Nordøyane Storband i storslag! For eit storband! Då porten gjekk opp, og kora kom marsjerande inn til dei 600 i hallen, ja det var eit magisk øyeblikk!
Det var også stort at kulturministeren sette av tid til å vere med på å opne hallen. Saman med Joakim Austnes klipte ho snora, og skrytte av hallen. Ho påpeika at fysisk aktivitet er vitkig for barn og unge!

Vi må også få takke dei andre som bidrog på scena og som kom med helsingar. Barnekoret NoHa, Vebjørn Steen, barnegruppa til UL Fram, Nordøy IL Tae kwon do, Martine, Emilie og Rebekka som dansa, og ikkje minst Linda og Anna som avslutta med <> som Linda har skrive spesielt for Nordøyhallen. Då var det god stemning!

Norvald Lausund (Lepsøy IL), Henrik Hoff (Aafk), Leon Aurdak (SFK), Asbjørn Rogne (Rolls Royce), Bjørn Sandnes (ordførar), Odd Einar Molnes (HaNo FK) og Rune Fjørtoft, Runde Flem og Lena Hagen (Sparebanken Møre) kom med helsingar. Sparebanken kom også med heile 80 000 kroner til hallen! Tusen takk for det!

Haramsøy IL spytta inn 20 000,. Takk til dei også!
Vi fekk også inn 50 000 i solgte andelar og kontantstøtte! Sakk for all støtte!

Men det aller vikigaste var at så mange møtte opp for å sette pris på Nordøyhallen. Det varma! No er det berre å få brukt alle dei mogelegheitene som ligg i hallen! Peis på!

Vi gløymte rett og slett å ta bilder. Her er nokre som Sandra Sylte tok. Er det fleire som har bilder, tek vi gjerne imot!

31/05-11
Av: Kenneth Ulla






UL Fram





Ordførar Bjørn Sandnes


Den flotte modellkaka av Nordøyhallen!


Kulturministeren





Leon Aurdal frå SFK


Linda og Anna med avslutningsnummeret


Lena, Rune og Rune frå Sparebanken Møre


Nordøy IL





Nokre bilder frå førebuingane



























5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH