Brattvåg best i Nordøyhallen
Brattvåg var det beste laget, og vann den første old boys - turneringa i Nordøyhallen. Aafk vart slått i finalen. HaNo var gjestfrie, og sørga for å ta seg av 7. og 8. plassen.

Spørsmåla var mange før 8 lag med gamlekarar drog dei litt for små draktene over hovudet. Kan rutine vege opp for dårleg form? Kva skjer når hovudet vil, medan resten av kroppen heng noko etter? Vil Aafk, med gamle stjerner som Lasse Olsen, Frode Fagermo & Co vinne på walkover?
Arrangørane hadde i alle fall tatt på alvor at det var old boys – turnering. Varmen i hallen var på fullt, slik at eventuelle strekkar kunne utsetjast i det lengste. Men etter kvart som temperaturen steig blant spelarane, vart varmen skrudd av og dørene opna. Frisk luft måtte til.
Brattvåg viste seg tidleg som ein av favorittane. Med siger 12-0,13-0 og 3-0 mot HaNo 1, Harøy og Fjørtoft låg vegen til finale open. Der skulle det like tidleg bli klart at Aafk var suverene i andre pulja. Aafk fekk lett match mot Lepsøy, Skodje og HaNo2. Det var heilt klart dei to beste laga som skulle møtast i finalen.

Gjestfrie vertar
HaNo viste seg som gode vertar, og la beslag på dei to siste plassane i turneringa. Lepsøy var sterkast i kampen mot Harøy, og vart nr 5. Fjørtoft slo Skodje i bronsefinalen. Fjørtoft hadde også dagens toppskårar i Per Jarle Fjørtoft. Han netta heile 14 gongar.
Finalen opna jamt. Aafk hadde stolpetreff, men lukkast ikkje med å sette ballen bak ein god Johan Vestre i første omgang. I staden var det turneringa sin beste spelar, Frode Remmereit som ga Brattvåg leiinga. Same mann auka leiinga til 2-0 like etter pause. Johnny Vattøy skapte spenning med ei flott volleyskåring, men det skulle bli Brattvåg sitt einaste baklengsmål for dagen. I staden var det Werner Ellingsæter som sørga for 3-1 med eit skot i krysset, før Frank Dalhaug og Frode Remmereit trygga sigeren.
Alt i alt ei vellukka turnering, der mykje rutine viste snev av gammal storheit. Og konklusjonen er at konkurranseinstiktet lever godt, også i old boys – klassa. For i tillegg til å unngå varige mein, viste karane tydeleg at det viktigaste framleis å vinne. Etter turneringa var det lagt opp til sosialt samkome med Sunderland – Liverpool på storskjerm. Mange godord på slutten av dagen, kan tyde på at det ikkje vert siste old-boys – turneringa i Nordøyhallen.

10/03-12
Av: Kenneth Ulla






Johnny Vattøy og Aafk vart nr 2


Frode Remmereit vart kåra til turneringa sin beste spelar


Per Jarle Fjørtoft vart toppskårar med 14 mål


Ivar Fjørtoft tek imot pokal for 3. plass


Skodje tok seg av 4. plassen


Stein Kjerstad og Lepsøy var nr 5


Odd Einar Molnes tek i mot Harøy sin pokal for 6. plass


Johan Vestre slapp inn berre 1 mål, og dermed vann Brattvåg den gjevaste pokalen


Vinnarlaget



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH