J15 tok poeng
Årets første heimekamp for J15 laget til HaNo gjekk av stabelen i Nordøyhallen i dag. Eit godt Herd lag kom på besøk, men HaNo sine jenter beit godt frå seg.
HaNo starta friskt, og hadde eit spelemessig overtak i starten av kampen. Etter 7 minutt fer Ingrid ballen på venstrekanten. Ho dreg seg inn i bana og skyt frå ca midt på halvdelen til Herd. Ballen går knallhardt i mål heilt oppe i krysset. 1-0 til HaNo.

2 minutt seinare er det Martine som vinn ballen. Ho fører ballen mot Herd sin 8 meter. Der får ho 2 motspelarar på seg, men greier å spele ballen til ei umarkert Elisa som scorer sikkert åleine med keeper.

I denne perioden er det store sjanser til begge lag. Herd får skyte upressa frå kort hald 2 gonger, men treff ikkje mål. Ingrid har i tillegg eit skot i stolpen.

Etter 15 minutt er det såkalla klabb og babb framfor Rebekka i HaNomålet. Ein Herd spelar greier å krangle ballen i mål, og reduseringa er eit faktum.

Etter 33 minutt bryt Herd ei tversoverpasning på HaNo sin halvdel. Skotet går til sides for Rebekka, og Herd har utlikna.

2 omgang blir ei nervepirrande affære. Begge lag kriger voldsomt, og det blir etter kvart mange trøtte bein og hovud ute på bana.

Etter 22 minutt plukker Martine opp ballen på eigen halvdel. Ho dribler seg igjennom heile Herd laget, men ein god keeper redder skotet frå kloss hald.

Det blir ikkje fleire mål, trass i sjanser til begge lag. Ein jamn omgang med sjanser til begge lag, so kanskje uavgjort er greit nok i denne kampen.

Flott innsats var det i alle fall på HaNojentene.

HaNo: Rebekka, Ingrid, Ragnhild, Emilie, Martine, Tea, Helene, Elisa, Anna, Albertine, Charlotte.

Mål HaNo: Ingrid 1, Elisa 1

01/05-15
By: Hallgeir Remme


01/05-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16