J15 med første siger.
J16 tok imot Giske/Godøy til seriekamp i dag, og det gjekk svært så bra.
HaNo gjekk ut \"I hondrede\" i denne kammpen. Etter to kamper der vi følte at det var meir å hente var jentene svært ivrige etter å få sin første siger for sesongen.

Fordi det var 4 spelarar som var opptatt eller skada i dag spurte vi Nina og Inga om dei vilde vere med og spele denne kampen. Desse to superpositive jentene er ikkje tungbedde, so det var ja med ein gong.

HaNo gjekk som nemnt ut knallhardt, og allereie etter 6 minutt var dei svært nær scoring. Ein trippelsjanse som enda med eit skot i tverrliggaren bak ein forfjamsa gjestekeeper hadde fortent ei betre skjebne.

Tellande resultat vart det i det 16 minutt når HaNo fekk corner frå høgre. Elisa er ein spelar som jobber godt framfor motstandarane sin keeper vanligvis. No tok ho corner frå høgre, og den la ho likegodt rett i mål på ekte Espen Ruud vis.

HaNo hadde ei god periode no, og det gjekk berre eit minutt før Nina skyt frå høgresida. Ballen treff stanga, og der er Elisa i sitt rette element go set returen i mål.

To minutt etter dette igjen bryt HaNo på midten, set stor fart framover og Inga scorer sikkert.

So kjem ein merkeleg situasjon. HaNo får innkast på venstresida. Ragnhild kastar inn i feltet. Ballen får ein rar sprett, og keeper får berre sovidt fingertuppane på ballen før den går i mål. Vi krediterer dette målet til Ragnhild, og påstår at det er det første målet i HaNo si historie som har vorte scora med hendene. I alle fall på lovleg vis.

HaNo går dermed til pause med leiing 4-0, og det er veldig fortent. Rebekka i mål har stort sett kvilt seg og henta ett par ballar som har rulla over dødlinja.

I andre omgang er det gjestane som får første sjanse. Eit skot frå kloss hald blir fint redda av Rebekka.

So er det litt Ingrid show på gang. Ho vinn ballen på midten, og samspelar fint med Nina, og det er sistnemnde som får \"æra\" av å sette ballen i mål. Det var aldri tvil om at dette angrepet kom til å ende med mål.

Ingrid igjen vinn ballen på midten. Rundar alle forsvararar frå gjestelaget, men åleine med keeper skyt ho i stanga. Då er sjølvsagt måltjuven Elisa på plass og set inn 6-0 til HaNo.

Etter 29 minutt får Giske/Godøy sin andre sjanse med eit fint skot som går i tverrliggaren.

Sluttresultatet blir fastsett av Nina som skyt frå skrått høgre. Ballen går via ein forsvarar og i mål. 7-0 til HaNo.

Nemnast bør forsvaret med Ragnhild, Emilie og Anna som held motstandarane vekke frå mål på flott vis. Bortelaget kom til 3 sjanser i løpet av heile kampen, og det er bra forsvar.

Veldig fortent siger til jentene, og dei var mykje nærare å vinne med meir mål enn gjestane var å redusere.

Heia HaNo.

HaNo: Rebekka, Ragnhild, Emilie, Albertine, Ingrid, Anna, Elisa, Nina og Inga.

Mål HaNo: Elisa 3, Nina 2, Inga 1, Ragnhild 1

08/05-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16