J16
HaNo sitt J16 lag hadde veldig lyst til å slå Hessa i dag, men det viste seg at det skulle ikkje bli so lett.
Det var to jamne lag som spelte kamp i Nordøyhallen fredag, men Hessa sitt lag skulle vise seg å vere litt sterkare framfor mål enn våre jenter.

Sara og Hanne vart spurte på veldig kort varsel om å vere med og spele kamp i lag med J16, og dei stilte villig opp og hjalp oss på ein glimrande måte. Veldig kjekt å ha slike folk i HaNo sine rekker.

kampen åpna jamnt. Det var eit lite overtak til heimelaget i starten av kampen. Vi kjaure på, og kom og til ein del sjansar. Ingrid, Martine og Elisa kom til fleire sjansar som vart enten blokkert av Hessa sine forsvararar eller redda av Hessa sin svært gode keeper.

Det einaste målet i omgangen var det bortelaget som stod for. Etter ein dødball (ball i taket) kom det desverre mål imot.

Trenarane Lidvar og Hallgeir var godt nøgde med spel og sjansar før pause, og var sikre på at det kom til å bli målsjansar og mål i andre omgang.

I andre omgang er det derimot Hessa som får flyt og medgang. Etter eit knapt kvarter mister HaNo ballen på eigen halvdel og tre mot ein scorer Hessa sikkert.

To irriterande mål seinare, begge etter corner står det 4-0 til Hessa. Vi synest ikkje dette er eit resultat som viser korleis kampen har vore.

Dryge kvarteret før slutt er det litt Elisa show. Ho kranglar til seg ballen på motstandar sin halvdel og i kamp med to motstandarar greier ho å trille ballen til venstre for keeper. Trøstemål er eit faktum.

Kva tenkjer ein etter ein slik kamp. 1-4 lyg ikkje, men trenarduoen var i alle fall godt nøgde med første omgang. Til tider i andre omgang hadde vi og sjansar nok til å score meir enne det eine målet vi fekk.

Moral, seriøsitet og innsats er i alle fall ikkje noko ein manglar hjå desse jentene. Underteikna har ein følelse av atpotensialet er stort. Veldig stort.

Vi kjem nok til å tape ein og anna kampen, men dei skal få bruke krefte dei som skal slå oss.


23/05-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16