Aldri ett kjedelig øyeblikk med J15
Når jentene ankom Haramstreffet i Brattvåg sist fredag etter å ha slått Giske/Godøy 18-2 på bortebane (sjå referat på HaNo si facebookside) var dei veldig høgt oppe.
I første omgang mot Valder på Austnesbana i dag såg det ikkje ut som dei hadde landa enda.
HaNo starta svært so famlande i denne kampen. I perioder greidde dei å spele ball segimellom, men det var ganske stilleståande og tafatt.

Likevel greidde vi å produsere eit par store sjanser tidlig. Før det var spelt 7 minutt hadde både Elisa og Martine skote i same stonga.

Etter 13 minutt kjem Martine åleine med keeper, men skotet går midt på denne.

Det er Valder som scorer først. Sjølvsagt etter noko som må vere HaNo sin akilleshel. Corner imot. Dårlig markering i feltet gjer gjestane fritt spelerom, og 1-0 til Valder.

Spelet er no ganske jamnt, utan noko overtak til noko av laga. Det er og få målsjanser før Martine fer ballen etter 26 minutt. Endelig litt besluttsomheit. Ho dribler av to motstandarar og skyt knallhardt i lengste hjørnet. Flott mål og 1-1.

So tek Valder over igjen og scorer to kjappe mål etter 29 og 31 minutt. Først kontrar dei inn 2-1 før dei vinn ballen på HaNo sin halvdel og scorer.

Benedikte set so ein retur i mål minuttet seinare.

Etter 35 minutt får ein Valder spelar styre inn eit skot, og etter 38 minutt er det eit fint langskot som går i mål for Valder. Pauseresultatet vart då 2-5.

I pausa vart HaNo eininge om at no måtte vi ut og ha det gøy. Vi var sure og grinete i periodar, og då vart vi stilleståande og spelte dårleg fotball.

Og i andre omgang eksploderte det.

Etter 1 minutt \"taklar\" Martine Elisa igjennom, og denne gongen scorer ho sikkert åleine med keeper.

Etter 2 minutt er det klabb og babb framfor HaNo sitt mål, og Valder scorer.

Etter 4 minutt får Charlotte ballen på direkten, og sender den kontant opp i krysset. Flott mål.

Etter 7 minutt er det Martine som skyt og ballen går i mål.

Etter 8 minutt er det nok ein gong Martine som skyt, keeper reddar og Elisa scorer på returen. 6-6

Etter 10 minutt er det Ingrid som dribler av fleire Valder spelarar og spela so fint fri Martine som scorer.

Etter 14 minutt er det rot i HaNoforsvaret og Valder utlikner. 7-7

Etter 16 minutt spelar Ingrid fri Albertine, som legg igjen til Martine, som scorer fint.

Etter 20 minutt er det Martine som fer gå og skyte fritt frå kort hald. 9-7

Etter 25 minutt reduserer Valder etter eit fint langskot.

Etter 26 minutt bryt Emilie, spelar fri Ingrid som igjen spelar fri Elisa. Ho set ballen i åpe mål. 10-8

Etter 30 minutt er det Charlotte som scorer frå kort hald.

Etter 34 minutt er det Martine som fastset sluttresultatet til 12-8 med eit fint lagskot.

Etter 40 minutt er det ein trenar som er svært glad for at han hadde med seg penn og papir slik at han fekk med seg alt dette.

Sjølv om Valder leda til pause, meiner eg at det var fortent at HaNo vann kampen. Spesielt utifrå andre omgang, der vi drog opp det eine angrepet etter det andre. I første omgang var vi ikkje gode, men hadde likevel sjanser nok til å score meir enn dei 2 måla vi fekk.

Ein kjempestor takk til Ola Longva som omorganiserte alt den nære familia heldt på med, og dømde glimrande. Takk og til Oli Anne som tok over barnepasset som han eigentleg skulle ta seg av, sidan Julie spelte damekamp på Nordøy.

Festleg vart det i starten av kampen når Ola spurte kapteinane: Kan dåkke stein/saks/papir? Jadå svarte dei, og etter at dei hadde utført det spurte han: Kan so vann?

Dette var siste vårkampen for J15, og i kamp med 16 års lag har dei tatt en imponerande 2 plass i serien. Dette betyr opprykk til 1 divisjon. Dette er ein stor prestasjon, og eg seier som Nils Arne Eggen: Vi skal bli bedre.

HaNo: Rebekka, Helene, Ragnhild, Emilie, Martine, Charlotte, Ingrid, Elisa, Martine, Anna, Benedikte. Tea var skada reserve.

Mål HaNo: Martine (6), Elisa (3), Charlotte (2) og Benedikte.

16/06-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16