Tap på ein god dag
HaNo sitt J15 spelte ein god kamp på Hareid stadion søndag, men måtte desverre reise heim med null poeng i sekken.
Allerede etter ett minutt forserte Ingrid flott på høgresida og la inn til Elisa, men ein svært god keeper redda avslutninga frå kort hald.

Elisa har fleire slike sjanser, men keeper greier å komme tett i ho og redde dei store sjansane ho får etter fin bevegelse og flotte pasninger.

Etter 9 minutt skyt ei svært god Martine frå kort hald, men ballen treff stonga og ruller på streken før keeper får kontroll på den.

Etter 11 minutt får Hareid corner. HaNo får aldri ballen vekk, og eit fint skot endar opp heilt ute ved stolpen, og Hareid leder 1-0 veldig imot spelets gang.

No jamnar det seg litt ut, og det blir mykje midtbanekriging. Få sjanser til noko av laga i denne perioden

Den neste store sjansen kjem etter 31 minutt. Martine vinn ballen i forsvar og fossar framover. Albertine spring seg veldig fint fri, men skyt utanfor åleine med keeper.

Andre omgang starter med eit lite HaNoovertak. Etter 8 minutt skyt Martine frå skrått høgre, og ballen fyk inn i nærmaste kryss.

5 minutt seinare er det ei Hareidjente som skyt frå skrått høgre, og ballen går under Rebekka og i mål.

5 minutt før slutt er det innkast til Hareid nesten ved cornerflagget på vår halvdel. Det blir klabb og babb i feltet, og i motsetning til det som har skjedd i andre enden av bana, rullar ballen over målstreken. 3-1 til Hareid.

Det var ein skuffa og skadeskoten gjeng som reiste heim med null poeng etter ein kamp der vi meinte vi fortente meir. Men sånn er fotballen. Vi spelte ein bra kamp, og det lovar godt for resten av hausten.


06/09-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16