J15 hadde serielederen i kne.
Stordal sitt J16 lag har enno ikkje tapt på hausten, men mot HaNo sitt J15 lag vart det tett på.
Første omgang i denne kampen må ver det beste desse jentene har gjort nokon gong. Dei kjaure over eit svært godt Stordal i lange perioder, og at dei leia 4-1 til pause vart heilt fortent.

Måla kom slik.
Etter 1 minutt la Elisa corner frå høgre, og Martine scora sikkert frå kort hald.

I det 9 minutt utligner Stordal etter eit skot frå venstre som triller inn ved næraste stolpe.

HaNo går rett i angrep, og etter 10 minutt kaster Emilie inn og Martine header ballen fint i mål.

Etter 17 minutt får HaNo frispark. Det blir klabb og babb i feltet, og Charlotte er den som vil mest og skyt ballen i mål.

Etter 31 minutt er det nok ein gong innkast til HaNo høgt i bana. Albertine får 2 forsøk, og på andre forsøk triller ballen over målstreken. Flott mål av Albertine.

Stordal hadde nokre få sjanser i denne omgangen, men dei blei stoppa av eit godt forsvar og ei god Helene i mål.

I andre omgang kjem Stordal hardt ut. Dei har eit par skot som Rebekke, som har kome inn i mål, tek seg flott av.

Etter 6 minutt i andre omgang får ein Stordalspelar stå åleine 4 meter frå mål, og ho kan berre trille ballen i mål.
4-2.

Etter 16 minutt får Stordal corner frå venstre, og ballen blir sett kontant i mål. 4-3

Og etter 31 minutt utligner Stordal på eit fint skot.

HaNo hadde full kontroll på kampen i første omgang, og spelte til tider festfotball mot serieledaren. Ballen gjekk fint mellom spelarane, og berre ein god Stordalkeeper hindra fleire mål. Breidda vart brukt godt, og det vart prata bra. Dette er noko vi har jobba med lenge, og det var veldig kjekt å sjå korr godt det fungerte.

I andre omgang var nok Stordal det beste laget, og dei viste litt ka dei sto for.

Men det var slik at det var Stordal som jubla veldig for uavgjort, mens våre jenter var litt grinete. Det seier vel sitt. Svært god kamp av J15.

18/09-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen