J15 imponerte igjen.
Vi hadde liksom ikkje dei heilt store forventningane når vi reiste til Hessa for å spele kamp torsdag. Men poeng vart det i uveret på Hessa stadion.
Verforholda gjorde at penn og papir var nyttelause verktøy i denne kampen, so referatet fer ein tak etter hukommelsen.

Hessa stilde med eit sterkt lag i denne kampen, men likevel var det HaNo som starta best. Albertine legg corner, og Ingrid skyt ballen i mål.

Martine får ballen litt seinare. Ho skyt via Elisa og i mål.

Herd reduserer med eit fint angrep som blir avslutta med eit fint skot som går til side for Helene i målet.

Emilie vil ikkje ha noko av dette. Ho skyt like godt frå midtbana etter at trenar Lidvar har gitt klar beskjed om dette, og ballen går via keeper og i mål. Coaching i verdensklasse, heiter det ikkje det skal tru?

Dermed leder HaNo 3-1 til pause.

I andre omgang har Hessa bestemt seg. Det første som skjer er at dei scorer, og kampen lever veldig.

Hessa er gode, og i litt motvind slit våre jenter med å få til gode angrep. Likevel jobber HaNojentene godt, og held Hessa frå livet ei stund.

Men etter om lag 20 minutt greier vi ikkje å stå imot. Hessa utlikner til 3-3.

No vipper kampen litt, men det er nok framleis Hessa som er farligast.

Eit minutt før full tid blir det litt nøling i det gode HaNoforsvaret, og Hessa leder 4-3.

Men eit lite minutt på overtid får HaNo corner, go etter litt klabb og babb i feltet er det Martine som får reint og godt treff, og utliknar for HaNo.

Dette er det siste som skjer i kampen og jubelen sto i taket i HaNo leiren. Litt småsnurte Hessa spelarar sa frå at HaNo faktisk ikkje hadde vunne kampen, men det førltes litt slik faktisk.

Før siste kamp laurdag mot Skodje borte kan ein slå fast at HaNo sitt J15 lag har gjort ein imponerande sesong.

Nr 2 i vårsesongen og opprykk til 1 divisjon på våren, og om vi slår Skodje og resultata ellers går litt med oss kan vi faktisk ende opp med ein imponerande 3 plass i første divisjon.

Eg minner om at dette er 14 og 15 åringar som spelar mot 16 åringar.

Det kan bli gøy neste år.

22/10-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16