Dagens Nordøyhall - oppdatering
9 mann på dugnad frå kl 10 idag, og mykje vart gjort på påbygget. Samstundes jobba karane frå OB Wiik med sjølve hallen.
I flott og kaldt vinterver, fekk vi dag platekledd ein god del av veggen som skal vere inn mot hallen. Vi fekk stava opp gavlveggane, og platekledd eine sida. I tillegg vart mykje klargjort med lekting og diverse. Med ei økt eller to neste veke, skal mykje vere gjort.

Karane som bygg hall jobba også idag frå kl 08.00. Dei stramma duk og gjorde klart for neste byggesteg. Det er å få sett saman nye ståldragarar. Dei skal jobbe til tysdag, og er så på plass igjen 4. januar.

Her er bilder frå dagen:

18/12-10
Av: Kenneth Ulla









Innsida av påbygget


Per Arne med ein velfortent kaffi


Her blir det jobba med å feste duken skikkeleg


Her skal det etter kvart bli mellom anna kjøken


Hedda på tur for å inspiserer hallen


Halve hallen er no dekt av duk


Geir Olav stilte med gløgg som han heldt varm på Reodor Felgen - vis:)


Ein fornøgd gjeng som varmar seg med gløgg


Per Olav, Per Jarle og Geir Olav planlegg første treninga.....


Odd Einar og Kenneth spikra gavlveggar


Inge var i platebransjen


Gavlen er straks ferdig kledd


Då står det att å få på asfaltplater på siste delen her



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH